I helga dro eg og ein haug andre (hovudsakleg frå spanskklassa mi) til nasjonalparken Iguazu. Parken, som inneheld dei spektakulære Iguazu-fossane, ligg i grenseområdet mellom Argentina, Brasil og Paraguay, og det tek 17 timar med buss frå Buenos Aires. I teorien. Vi endte vel opp med rundt 20 timar, då bussen fekk motorstopp etter kanskje 16 timar, og vi måtte vente ei lita evigheit på ein bensinstasjon midt i ingenting. Når vi endeleg kom fram gjor det likavel absolutt ingenting, då dette må ha vore den mest fantastiske naturopplevelsen min nokon gong. Bileta de ser under viser verkeleg ikkje halvparten av vedunderet.
 |
| Elise og eg |
 |
| Det var utrulig godt tilrettelagt med stiar og bruer i parken. Vi kunne for eksempel gå ut på dette platået, og kike rett ned på et metervis djupt stup. Vi fekk verkeleg kjenslen av å vere midt i fossefalla! |
 |
| Vi kom fram på ettermiddagen fredag, og hadde akkurat nok tid til å dra over grensa til Brasil og sjå fossefalla frå den sida. Her ventar vi på grensa! |
 |
| Vatn er ikkje berre vatn i desse fossefalla |
Alle bileta er frå fredagen, då vi var heldige med været. Laurdagen regna det dessverre så mykje at eg ikkje fekk tatt opp kameraet. Det einaste problemet med det var at eg ikkje fekk tatt bileter, ellers var det ein utruleg opplevelse. Vi var då på Argentina-sida, der vi kunne gå mykje nærmare fossefalla og sjå dei frå alle mogelge vinklar. Vi var også med på ein båttur ovanfor fossefalla, og ein liten tur på ein motorbåt der vi kjørte bokstavleg talt inn i fossen. Ein heilt utrulig opplevelse!
Spektakulære bilde!
SvarSlett