fredag 28. oktober 2011

Montevideo

Det går berre meir og meir opp for meg kor kult UWC faktisk er. Eg har verkeleg venner over heile verda! I kveld var eg for eksempel og såg Mariana (andreåring frå Argentina) spele konsert i ei kyrkje her i Buenos Aires, og i helga skal eg vere med gamlelæraren min på marknad. Eg har også møtt venner av Karla her, og dratt på Second Sunday ay Six (UWC alumni-møte) og møtt fleire UWC-folk. Og i helga dro eg til Montevideo, hovudstaden i Uruguay, for å besøke Malena.

Sjøl om det er utrulig kult å bu i Buenos Aires, har eg funne ut at eg kanskje ikkje er heilt storbyjente (ikkje so stor iallefall), og det var difor utrulig herlig å dra til Montevideo ein tur. Berre ein liten fergetur vekke er Montevideo på mange måtar ein mindre versjon av Buenos Aires; mykje lavare tempo, lavare hus, færre, men akkurat same folk!

Den helga eg var i Montevideo var det også Día de la partimonio (beste oversetting eg finn er "verdsarvsdag") det vil sei at alle museum var ope og gratis, og det var sang, dans og konsertar i gatene! Utrulig kjekt! Sidan Malena praktisk talt er ei levande historiebok, lærte eg også veldig mykje!
I Montevideo har dei ei lov som sei at eit visst antall tred må plantast for kvar bygning. Det har resultert i ein utrulig grøn, fin by!
Malene tok meg med på Puerto del mercado, som er ein stor bygning med masse restauranter inni. Og alle restaurantene ser slik ut; ein stor grill med kjøt, kjøt og meire kjøt. Skal love dykk eg var med når eg dro derifrå!
Søndag dro vi til det størse fruktmarknad/bokmarknad/loppemarknad/alt-mogleg-marknad eg har sett. Igjen, veldig koselig og avslappa!
Det begynn faktisk å nærme seg slutten på opphaldet mitt her i Argentina. Meeen, det er eigentleg heilt greit - 19. november set nemleg eg, Elise og Mai kursen mot Machu Picchu! Gjett om vi gler oss!

2 kommentarer:

  1. Så koselig!!!!!!!! Høhøhø noen venner av Karla sier du? Tell me more.

    SvarSlett