torsdag 17. november 2011

Og ellers då

No går det faktisk mot slutten her i Buenos Aires. Laurdag set eg, Elise og Mai kursen mot Bolivia og Peru! Sjølv om det vert litt vemodig å dra herifrå, so vert det sikkert enda kjekkare å reise!

Her er eit par småting eg har gjort i det siste, men som ikkje har rukke å kome på bloggen:
- Fredag hadde eg skriftleg eksamen, og mandag muntleg. Det betyr at så snart heimeeksamenen er ferdig så sei eg hasta luego til alt som heiter skulearbeid fram til neste haust!
- Forrige helg var eg på Calle 13-konsert! Dei spelte på festivalen Personal fest, der m.a. Damian Marley, Soja og Sonic Youth også spelte. Eg var også på Calle 13-konsert i Costa Rica, men no kunne eg sangane mykje betre og konserten var rett og slett fantastisk bra! Vi stilte oss opp omtrent ein og ein halv time før konserten begynte for å få gode plassar, og det var definitivt verdt det!
- Eg har funne ut at argentinsk is er heilt utrulig god. Seriøs utfordring til italian gelato!
- Eg har ete enda meir dulce de leche, og lagt på meg eit par kilo til
- Eg har vore på middagsbesøk hos Beatriz, og ete ekte argentisk asado (barbecue)
- Og ikkje minst har eg fått ein argentinsk aksent på spansken min! Pinade ikkje verst!


0 kommentarer:

Legg inn en kommentar