torsdag 1. desember 2011

Bolivia baby - Copacabana og Isla del Sol

19. november, ferdigpakka og godt nøgd med eksamen, sa eg, Elise og Mai adiós og hasta luego til Buenos Aires og satte kursen nordover. Nærmare bestemt mot Bolivia. Etter eit par tima landa vi i Santa Cruz der vi like godt overnatta på eit litt småshabby hostell der ikkje ein gong dopapir var inkludert, før vi morgonen etter flaug vidare til La Paz, den nest største byen i Bolivia. Godt over 3000 m.o.h. var førsteinntrykket vårt ganske svimmelt og kortpusta.
Første glimt av Titikaka-sjøen
Etter eit par timar kom vi oss vidare mot Copa - Copacabana (unødvending å nemne kva temansangen for turen har vore)! Om det skulle vere nokon tvil var vi ikkje på veg mot Brasil, men ei lita bygd ved Titkaka-sjøen (som forøvrig ligg ved grensa mellom Bolivia og Peru - 3800 m.o.h.). Etter tre timar skvist saman i ein liten minubuss nådde vi endeleg den idylliske bygda. Vi var då sopass reduserte p.g.a høgda at vi ikkje orka meir enn ei lita runde for å kike oss rundt før vi slokna på hostellet.
Vi fekk høyre at den tradisjonelle "Mate de Coca" skulle hjelpe mot høgdesjuke, så det måtte vi sjølvsagt teste ut. Om det hjalp eller ikkje er framleis uvisst.
Byvandring
Det var først då vi sto opp tidlig morgonen etter at reisa sitt første problem meldte seg; minibanken i Copacabana er nemleg stengt søndagar og mandagar. Dette var sjølvsagt ein mandag. Men, vi fann ut at vi hadde kontantar nok til å komme oss på ein båt til Isla del Sol (Soløya), og so fekk vi heller ta det som det kom etter det. Isla del Sol viste seg å vere ein nydeleg øy der m.a. dei første inkaene og solguden deira skal ha vorte til.
Båtturen til Isla del Sol vart ein kald fornøyelse
Kaldt, men med veldig fin utsikt
Guiden vår på øya
Mesa de sacrificio aka Offerbordet, det dei m.a. ofra lamaer og småungar
Øya var full av både Inka- og andre ruinar
Elise og eg var beget fornøgde med både nyinnkjøpte fjellsko og bukser!
Etter eit par timar på både nord - og sørsida av øya tok vi båten tilbake til Copacabana. Etter ein kjapp opptelling av pengane våre viste det seg at vi hadde nøyaktig 110 bolivianos igjen. Bussen til Puno og Peru gjekk om to timar og viste seg å koste 30 bolivianos per person - altså hadde vi 20 bolivianos ekstra (ca 16. kr)! De ville blitt overraska over kor mykje mat vi klarte å få tak i for dei slantane.. Eit par timar seinare var vi framme i Puno og klare for Peru-delen av turen vår!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar