Dei siste dagane har vi altså tilbragt i Cuzco. Dessverre har eg ikkje så veldig mykje meir spennande å fortelje om det, då vi stort sett har vore opptatt med å skrive, eller prøve å skrive, heimeeksamen i latinamerikansk litteratur. Heldigvis begynner vi å nærme oss slutten no, så kanskje vi faktisk får noko ut av dei siste to dagane her før vi drar vidare.
| I går var vi forresten ute på ein liten tur igjen - denne gongen til busstasjonen i Cuzco. Vi kjøpte oss nemlig bussbillettar til nattbuss til La Paz onsdag - spenning i kvardagen altså! |
Vi bur forresten på eit veldig koselig hostell her i Cuzco som heiter Hostal Suecia 2. I dag var den koselige eigaren framme med julepynten, og vi vakna opp til dette på døra våra: (ho smilte forresten fornøgd då vi julehungrige nordmenn uttrykte vår begeistring!)
Hostellet har dessverre ikkje internett eller kjøkken, noko som betyr at vi får utforska litt av kvart av kva kafear og restauranter i Cuzco har å by på.. Til no er favoritten den lekre kafeen La Bondiet, berre to kvartal frå hostellet! Kelnerane lurer sikkert på kvifor i alle dage vi kjem til ein by som Cuzco, og so ikkje gjer anna enn å sitte på data og ete fruktsalat..
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar