torsdag 1. desember 2011

Puno og øyhopping

Etter Copacabana dro vi vidare til Puno. Ein heilt OK by forsåvidt, der det mest relevante er at den har god forbindelse til dei ulike øyene i Titkaka-sjøen. Vi dro først til las Islas Uros, ein samling av 41 flytande øyer. Øyane vart opprinnelig bygd av Uros-folket for å sleppe unna dei valdelige inkaene. Øyane vert laga av ein spesiell type plante, som etter kvart som den begynn å råtne frå botnen av vert fylt på igjen frå toppen. No lever Uros-folket hovudsakleg av turisme, men det finst framleis øyer der folk lever tradisjonelt. På veg til øyane vart vi forøvrig overfalt av ein peruviansk skuleklasse som synst det var mykje kjekkare å ta bilete av oss enn turistattraksjonane rundt seg. Vi fekk ein ny forståelse for kjendislivet, for å seie det slik. 
Vi tok like godt og overnatta på øya, der vi til og med fekk stempel i passa våra!

Morgonen etter vart vi plukka opp av ein båt og kjørt til Isla Taquile. Her vart vi verkeleg sjarmert! Innbyggjerane var utrulig venlege og mannfolka gjekk rundt og strikka heile tida. Vi gjekk over øya, stoppa på toppen og åt litt før vi gjekk ned ei laang steintrapp til havna på motsatt side.


Idyll
Gutteklubben Grei brukte den tre timar lange båtturen til å strikke seg nye luer
Villig posering
Ved sidan av jordbruk og turisme er handarbeid øya sin desidert viktigaste inntektskjelde
Etter ein herlig dag tok vi båten tilbake til Puno før vi tok nattbuss til Cuzco og turen sitt desiderte høgdepunkt; the Inka Trail!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar