laurdag 3. desember 2011

Ruta Inka

24. november kl. 04:30 om morgononen ankom vi Cuzco, Sør-Amerika sin arkeologiske hovudstad, eller Verdas navle som inkaene sjølve kalla byen. Personleg gjekk denne songen på repeat i haudet mitt. Vi fekk makka oss inn i ein taxi og ankom hostellet eit par minutt seinare. Nattevakta var snill og ga oss nøkkel til rommet sjølv om vi sikkert var altfor tidlig ute, så vi fekk sove eit par timar til slutt. Nattbuss i Latinamerika er, etter mi erfaring, ikkje akkurat å anbefale. Dei er generelt langt over gjennomsnittleg glad i air conditionen, så sjølv om det er 5 grader ute skal det tydeligvis vere enda kaldare inne. 

Etter eit par timar skjønnheitssøvn hadde vi endeleg fått varmen i oss, og bestemte oss for å kike oss rundt i C-town. Det er nok ikkje tvil om at dette er ein av dei mest turistifiserte byane i verda, det verkar som halvparten av bygningane er restauranter, medan resten er hotell og reisebyrå. Men, ein sjarmerande by til trass, som utan tvil har mengder å by på til den som er interessert. Vi var imidlertid ikkje så voldsomt interesserte akkurat den dagen, vi var meir interesserte i kva som skulle skje dei neste fire dagane. For mange veker sidan meldte vi oss nemleg på den berømte Inka Trail, ein fire dagar/tre netter lang tur som til slutt ender opp i Machu Picchu. Sidan vi allereide hadde betalt eit depositum på 200 dollar kvar var vi litt smånervøse for å ha blitt utsatt for ein god gammeldags scam, men om kvelden dukka ein represetant frå selskapet opp for å gi oss ein siste briefing, vi betalte resten av summen og alt viste seg å vere ærlig og rederlig (www.amazonandesperu.com kan herved anbefalast!).

Halv sju morgonen etter vart vi plukka opp og bussa ilag med ein haug andre til Km 82, startpunktet for el Camino Inka. Her vart vi delt opp i to grupper, spansk-og engelsktalande, og etter litt om og men endte vi opp i den engelsktalande (noko vi til slutt var veldig fornøgde med!). Foruten om oss tre besto gruppa vår av to svensker, tre amerikanerar, ein franskmann, eit tysk/taiwansk par, ein korear, to peruvianske guidar og ikkje minst ein haug med bærarar (som vi knapt såg noko av fordi dei sprang frå oss opp bakkane – med over 20 kg på ryggen..).

Av dei andre eventyrerane på gruppa fortener faktisk Amy frå USA sitt eige avsnitt. Ho framheva seg allereide første dagen då ho etter ein tur på do utbraut i genuin begeistring ”My favourite kind of bathrooms! Just a whole in the ground, yeah!!” Hennar sanne natur skulle imidlertid vise seg for fullt til froukost morgonen etter;  ”Good morning everybody! How did you all sleep!?” Klokka er halv seks, og ingen bryr seg med å svare, så Amy tek saka i eigne hender; ”I slept great! I love the mountain air! I’m moving to the mountains! What are we doing today? I’m so excited!” Det heile toppar seg likavel dagen etterpå. Nora frå Taiwan ligg småsjuk i teltet, men Amy har løysinga: ”Just tell her that every step she takes is one step closer to the end!” Fantastisk. Dei som kjenner den småkyniske delen av meg kan nok forestille seg mi begeistring over å ha slik ein gledesspreiar I gruppa..

Uansett, Dag 1 starta som sagt på Km 82, 2750 m.o.h. Etter eit par timar gåtur stoppa vi for å ete lunsj. Bærarana hadde sjølvsagt komt fram lenge før oss, og alt sto dekket og klart og venta på oss. Eg hadde forventa å sitte på bakken og nærmast ete med fingrane, men der tok eg grundig feil. Både stol, bord, bestikk og duk hadde heltane våre bert med seg, og det var sjølvsagt både forrett og hovudrett. Det toppa seg likavel då vi var framme ved overnattingscampen Wayllabamba og vi fekk beskjed om at det var tea time klokka halv seks. ”Haha, tea time du,” tenkte vi, dumme som vi var. Her var det nemleg ikkje noke tull – er du på telttur så er du på telttur! Og halvseks vart teen servert, fulgt av både huagevis med popkorn (!) og småkaker. Og slik var det kvar dag.

Første stopp på turen! Framleis relativt friske og opplagde
Dag 2 hadde vi på førehand blitt advart mot at kom til å vere den hardaste dagen. Etter ein stigning på 1300 m nådde vi endeleg Dead Woman’s pass, 4215 m.o.h (kult med trivia, hæ? Dead woman var forøvrig ein ganske bra skildring av meg også når eg endeleg nådde toppen..). Slitne og fornøgde begynte vi på nedstigninga og då skal eg love eg var glad for at eg hadde kjøpt ein gåstav til 8 kroner! Gelebein og bratte inkatrapper er inga enkel kombinasjon.. Vi nådde campen akkurat idet det begynte å regne, og hadde både lunsj, tea time og middag der. Om kvelden hadde vi avstemning om når vi skulle ha frukost dagen etter. Det endte med at vi stakkars nordmenn vart nedstemt, og det vart bestemt at vi skulle gå eit par timar før vi hadde frukost.
Dead Woman's pass

Dag 3 vakna vi litt småbitre over at det framleis var lenge igjen til frukost, men som dei tøffingane vi er beit vi oss i det. Då det endeleg var frukosttid hadde kokken slått på stortromma og serverte kake! Oppvokst på norske mantra om at frukost er dagens viktigaste måltid var vi dessverre ikkje mektig imponerte, men godt var det lell. Vidare gjekk turen ganske greitt, fram til vi begyndte på nedstigninga. Nærmare bestemt 3200 trappetrinn nedstigning (var det noko inkaene kunne, så var det å byggje trapper!). Trappetrinna tok på, og det varte eit par dagar før gongsperra forsvann frå leggane for å seie det mildt.
Morgonen etter var spenninga til å ta og føle på. Endeleg var dagen der! Dag 4 sto vi opp klokka halv fire for å prøve å komme tidlig i køa til den siste kontrollposten før Machu Picchu. Sjølv om vi stilte opp tre kvarter før opninga verka det som vi var ganske langt bak i køa, og stemninga var heller nedrtrykt. Vi skandinavere forsøkte å lette på stemninga ved å synge luciasanger (det var trass alt første søndag i advent) utan at eg skal påstå at det hjalp nevneverdig. Då fleire titals personar paserte oss for å nå gruppa si framfor oss i køa merka vi irritasjonen byggje seg opp. Franskmannen stilte seg til slutt opp midt i stien for å blokkere for forbipasserande. Like etter forsøker ein mann å gå forbi, men Frankrike vel å ignorere dette eir par sekund. Det viste seg kjapt at han ignorerte det eit sekund for lenge, for mannen bak hadde ikkje tenkt å vente meir enn han måtte, og dytta han av full kraft vekk frå stien. ”Hey, take it easy man!” roper han då, men får berre eit stygt blikk og ein minst like stygg bevegelse tilbake, og svarer då truande ”See you at Machu Picchu!!” Småamper stemning i køa til Machu Picchu, med andre ord.

Etter at vi endeleg passerte kontrollen fekk vi plutselg fornya styrke, og fauk av garde mot Solporten, det første punktet vi kunne sjå Machu Picchu frå. Sjølve Machu Picchu kan ikkje beskrivast med noko anna enn bilete. Magisk.

Då det var på tide å sei farvel til gruppa slo forøvrig USAmy til igjen; ”You know there’s always someone everybody hates in a group, but in this group I liked everybody! Oh my god it must be me... I like sing and talk all the time.” Klein stillheit.


(PS: Sitt no på ein kafé med elendig nett, gidd derfor ikkje vente på at fleire bilete skal laste opp. Men det kjem sikkert fleir så snart eg vil ha noko anna enn eksamensskriving å gjere på..)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar